Romanen «Sildbøtta» vart ein kritikar- og publikumssuksess da han utkom. Den blei raskt utseld. Unggutten Teodor Skille bryt opp fra fiskarfamilien på Fosen for å starte på gymnaset i Trondheim på slutten av 1960-talet. Med seg på reisa har faren utstyrt sonen med ei bøtte spekesild. Den bøtta skaper forviklingar i møtet med byen og medelevane i klassen, men den symboliserer òg alt det Teodor ønsker å ta farvel med. Han vil erobra byen, bykulturen og bli ein annan. Han hamnar etter kvart i ei turbulent tid, kulturelt og politisk, som endar i den dramatiske EEC-kampen og folkerøystinga i 1972.

Nære og vare episodar blir brotne opp av burleske opptrinn med Teodor og kjærasten Siri i sentrum.

«Fint tidsbilde fra personlig og samfunnsmessig brytningstid.»

Ole Jacob Hoel, Adresseavisen.

«Ein forteljar av rang! Språket står i ei særstilling, og forfattaren sjonglerar meisterleg mellom nynorsk og bokmål, bygdemål og trondhjemsk.»

Sveinung Havik, Levanger-Avisa

«I det heile teke er Torvald Sund ein flink forteljar.»

Oddmund Hagen, Dag og Tid

«Sund har truffe innertier med Sildbøtta.»

Roar Børø, Avisa Hitra-Frøya

«Boka er reine perla.»

Haldis Petersen, Askøymagasinet


SILDBØTTA. Roman.
ISBN 9788283240191. 272 sider (pocket). Kr. 149,-.